Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Mirjam Stenevik – “Å kome frå ei øy”

Mirjam Stenevik har over ein periode på fem år dokumentert livet i den vesle øykommunen Austevoll. Prosjektet ser både bakover og framover.
I takt med resten av Europa, vert Norge meir og meir sentralisert. Fergeprisane stig, kommunar vert slått saman og véret kan ta motet frå sjølv den barskaste vestlending. Men i øykommunen Austevoll står Frp og Høyre sterkt, primærnæringa er i voldsom vekst og på den einaste klesbutikken på Selbjørn er det venteliste på den dyraste Parajumpers-jakken. På tjue år har folketalet i kommunen stige med 20%, folk er stolte av å kome her i frå og Nils Harald på Joker´n opnar same kor seint du kjem på at du har gløymd å kjøpe Zalo eller sjokolademelk.

Dette er eit prosjekt som utforskar korleis det er å kome frå ei lita øy vest i havet – på godt og vondt.

– Etter å ha blitt mobba både fysisk og psykisk i ti år, flytta eg så fort eg kunne, i ein alder av seksten. Ting vart etter kvart gløymd eller fortrengd, men eg har dei seinare åra tenkt mykje over korleis denne staden har prega meg – og framleis gjer det, seier Stenevik.

– Eg hadde nok aldri reist tilbake om eg ikkje hadde familie her, men nettopp fordi eg reiser jevnleg heim, har eg òg vorte nøydd til å konfrontere diverse spøkelser. Som dokumentarfotograf vart foto ein naturleg måte å utforske kva det er som gjer at eg lengtar heim kvar gong eg er i Oslo, men lengtar til Oslo kvar gong eg er heime. Og kva er det som gjer at eg framleis kallar det for "heim", sjølv om eg flytta derifrå for tjue år sidan?

I eit forsøk på å forstå sin eigen historie, har prosjektet til Stenevik utvikla seg til å bli ein omfattande dokumentar om livet i ei lita, norsk bygd. Sentralt står tema som familie, tradisjonar, minner, natur, identitet og tilhøyrsle. Dette er eit prosjekt som ser både bakover og framover, og som utforskar dei unike, rare, triste og vakre tinga ein kan finne - om ein berre gir øya ein sjanse.

Utstillinga opnar torsdag 5. mars og visast fram til 29. mars på Fotografiens Hus i Oslo.

Om fotografen
Mirjam Stenevik (f.1983) vart uteksaminert frå Bilder Nordic School of Photography i 2016. Ho jobbar som frilansfotograf med base i Oslo og har vunne fleire prisar for prosjektet sitt Å kome frå ei øy. Dei siste åra har ho delteke i fleire gruppeutstillingar og hadde m.a sin fyrste internasjonale solo-utstilling i fjor under Photo Israel i Tel Aviv.
 -
 -
 -

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu