Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Den amerikanske draumen om Norge

Familiane deira reiste til USA i håp om eit betre liv. No drøymer unge norskamerikanarar om gamlelandet. Velkomen til ei virtuell og smittefri utstilling på nett!
I denne utstillinga møter du unge vaksne norskamerikanarar i Seattle. Dei fortel om sitt syn på samfunna Norge og USA, sett i ljos av si eiga norske avstamming og ein amerikansk oppvekst.

Kva har Norge å seie for norskamerikananar i dag? Korleis er unge menneske knytt til ein arv og ei fortid som er så fjern, både i tid og stad?

Seattle var ein av stadene mange nordmenn busette seg under den siste bølga av utvandringa frå Norge, som varte heilt fram til 60-talet. Mykje har endra seg sidan nordmenn i hundretusental drog over havet til det lova landet Amerika. Etter at Norge fann olje, har det meste av utvandringa stansa. Forfedrane til dei fleste som er intervjua i denne utstillinga, reiste frå eit relativt fattig Norge, i håp om å finna noko betre. No er levestandarden i USA lågare enn her. Korleis påverkar dette lengselen etter Norge hjå unge norskamerikanarar?

Speler den norske arven inn på politiske synspunkt? Fleire av dei som er intervjua er begeistra for norsk samfunnsstruktur og den norske velferdsstaten sine ordningar, men det gjeld ikkje alle. Det som er felles for alle, er kjensla av at Norge betyr noko. Alle ber i seg ein visjon og ein draum om Norge som dei held levande på ulikt vis. Kva er typisk norsk for ein norskamerikanar? Kva kan vi som bur i Norge læra om oss sjølve og «norsk kultur» gjennom auga til norskamerikanarane?

Den amerikanske draumen om Norge knyttar emigrasjonshistoria opp mot dagens amerikanske samfunn. Utstillinga vert lansert i 2020, same år som det er amerikansk presidentval. På grunn av korona-nedstenginga vert heile utstillinga virtuell, på www.draumenomnorge.no
Ingerid Jordal -
"Endelig er eg gamal nok til å kle meg ut og herja rundt som ein viking!"
Ingerid Jordal
Ingerid Jordal -
"Eg er enno ganske irritert på mor mi fordi ho ikkje lærte meg norsk."
Ingerid Jordal

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu