to skremsler og ei utskremd ei
Etter å ha baska oss trøytte i motbakkane retta vi ryggene og pusta på, vi kika oss rundt – og tru det eller ei: Vi var litt mindre enn femti meter nedanfor der vi starta på oppturen. Dette kjem til å ta tid, sa vi til kvarandre da, for i dag er ho både glatt og bratt, motløysa.
Langt om lenge var vi likevel på toppen hos dei andre. . . . . Dei hadde funne skiheisa dei. Det forklarar stemmene vi høyrde over oss, sa vi til kvarandre, og straks trudde vi litt mindre på himmelmaktene enn vi gjorde for berre nokre få høgdemeter sidan.
Men for eit syn det var her oppe! Heile byen og omlandet bada i lys frå hus og vegar. Og eit kaotisk fyrverkeri frå alle utkantar og innkantar truga med å sende oss rett inn i barnetrua igjen så vakkert som det var. Klimaks kom da ein rakett av lyskaskadeslaget ikkje ville lette på seg, men sendte i staden eit himmelsk ljosregn over oss arme syndarar, og dei andre og – Det var berre vottane mine som hindra at eg fornekta djupedølen i meg og knepte nevane da!
Men fotografering vart det så som så med, stativet låg att heime. Eg hadde da sanneleg nok å bere på etter all ovetinga i jule og nyårshelga om eg ikkje skulle dra med metervis med metallstenger i tillegg. Så her er resultatet: Handheldt kamera utan risteminne, men det er likevel nesten som du kan lese avisa nede i bygda, er det ikkje?
. . . . . det var heilt misslukka, men vi hadde ein fin tur. Og eigentleg ville eg berre innom for å seie Godt Nytt År!
Utstyr
  • Nikon Coolpix 4500
  • -
  • Blender-
  • Lukker8/1s
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriNattbilder
  • Lastet opp
  • Visninger309
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_170387} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (1)
Judit W.

Hei Odd!

Your photo is a very unique documentation about the New Year's Eve firework among the other ordinary ones. It's not only because you show some people's silhouette in the foreground but you present the chaotic lines of the colour rockets as well. The multiplied lights in the background are very interesting; they have exactly same form. Did you create them somehow? The blurred houses and their lights are beautiful either – the sight is just mysterious! The story can be very interesting ... ;) All in all, I like this lightshow very much.

Judit :)
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu