Ein septemberhelg i 2003 var eg i Hoddevika. Det var ein så fin dag, at eg fekk lyst å bade. sjøen svala så fint rundt beina, og eg hoppa ut i og tok ein fin svømmetur. Etterpå tenkte eg at eg måtte fange mønsteret i skummet, som vart danna når bårene skylte fram over sanden. Det vart mange knips, men her er i alle høve eit av dei med finast mønster. Sanden aura under beina når sjøen rann opp og ned over den mjuke, gode sandstranda i septembersola. Temperaturen held seg faktisk ganske godt langt ut over hausten.
Rett ovanfrå og ned på beina. Kva synes du?
Bildet inngår i albumet Hoddevik - Bilde frå Hoddevik
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_312939} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.