Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Høgt oppe og nærare heim

Flyfoto og kvardagsportrett frå Hå kommune.
Pressemelding:

Widerøe flyfoto frå Hå kommune
1949-1967


Hå kommune eig Widerøe sine flyfoto frå Hå i perioden 1935-1967. Heile samlinga vart tidlegare digitalisert og er no samla på nettbrett i utstillinga. I tillegg har det blitt gjort eit utval av 36 bilete som blir vist i store format i nye fjoset.

I samlinga finn ein både enkeltgardar, sveip av landskapet frå strendene og høgjæren og ikkje minst overblikk av tettstadene i Hå kommune. Frå Sirevåg i sør til Ogna, Brusand, via Vigrestad og Varhaug til i Nærbø i nord. Men ein finn òg bilete frå Obrestad, Kvassheim, Åna og Matningsdal.

Widerøe bygde opp et systematisk arkiv av svart/kvitt bilete og fargebilete. Svart/kvit film vart nytta frå 1935 til 1962 og samlinga er på 1125 bilete. Fargefilm vart nytta frå 1960 til 1967 og her er det 667 bilete. Det eldste biletet i utstillinga er frå 1949 og utvalet går heilt fram til 1967.

Fotografia syner eit vidt spenn i måten dei er teke på, frå det reint dokumentariske til vakre oversiktbilete av det særprega jærske landskapet. Bileta var, då dei vart tekne, dokumentasjon av tettstadene og gardane på Jæren. No kan dei opplevast som vakre, ærlege fotografi frå ei anna tid.

Flyfotoa er eit vitnesprov på dei radikale endringane som har skjedd med landskapet på Jæren dei siste 70 åra. Tettstadene har vokse, utmark har blitt dyrka og meir vegetasjon har gjort sitt til at landskapet har endra karakter.

Folk i arbeid og fritid
Fotograf Tord Paulsen


Tord Paulsen vart av Hå kommune engasjert til å fotografere dagleglivet i Hå i samband med arbeidet med kulturhistorisk bokverk.

Hå kommune har eit stort kulturhistorisk arkiv som dokumenterer livet og kommunen frå gamalt av. Med desse nye fotografia får me eit nytt kapitel i denne dokumentasjonen.

Det nye fotografiske materialet syner Hå i vår samtid. Eit breitt spekter er dekka, frå barnehagar til eldresenter, frå den siste fiskaren på sjøen til ny steinindustri, frå aktivitetar i kulturskulen og private markeringar. Bileta vitnar om kva Hå er i dag i alt sitt mangfald og me ser kanskje korleis fortida har forma notida.

Då Tom Hetland skreiv i Stavanger Aftenblad om historieverket trekte han særskilt fram arbeidet som var gjort med biletmateriale. Hetland skriv:

"Illustrasjonane i bokverket er eit eventyr. I tillegg til eit rikhaldig utval av teikningar, kart og gamle foto, som Hå har samla og digitalisert 12.000 av, er det ei lang rekke portrett av nålevande håbuar i ulike situasjonar. Dette er eit vellukka grep som biletredaktør Svein Høyland og fotograf Tord Paulsen har all ære av."

Både Tord Paulsen sine kvardagsfoto og Widerøe sine flyfoto er samla på nettbrett i utstillinga der publikum kan bla seg gjennom materialet.
Tord Paulsen -
Tord Paulsen
Tord Paulsen -
Tord Paulsen

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu