Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Utstilling om vasskraftas avtrykk i landskapet

Vasskrafta er sjølve ryggrada i det norske kraftsysteme og eit særtrekk ved den norske vasskrafta er moglegheita til å lagra energi i vassmagasin. Denne moglegheita utforskar fotograf Torstein Lund Eik ved hjelp av drone i prosjektet “Regulert”.
Vasskrafta vert sett på som ei av dei mest fornybare energikjeldene vi har. Den har det lågaste klimagassutsleppet, den høgaste verknadsgraden og den lengste levetida av alle teknikkar for kraftproduksjon. Men når vi menneske bygger demningar og held igjen kubikk etter kubikk med vatn, endrar landskapet seg. Der vatnet før hadde runne fritt og fossane brusa, er det tørre elveleier og sår i landskapet som står att.

Denne nærast evige runddansen opnar samstundes for at nye landskap kan veksa fram. Store innsjøar dukkar opp når vasstanden endrar seg, og med eit vassnivå i endring dukkar eit nytt landskap opp, både i og utanfor vatnet. Når is, pollen, lauv og greiner melder sin framkomst blir dei til nye element som endrar overflata. Avtrykket vasskrafta etterlét seg er mykje meir enn demningar, kraftstasjonar og straumlinjer.

– Eg er sjølv frå ein kraftkommune og har desse store, regulerte vassdraga i nærområda, og har alltid syntes det er eit fascinerande landskap. Drona gav meg sjansen til å utforska og sjå det på ein heilt ny måte, sier Torstein Lund Eik.

Vasskrafta spelar framleis ei stor rolle i den norske industrien og kvardagen, slik den alltid har gjort. Mot slutten av 2019 dukka vasskrafta opp i nyhetsbildet, då eit ekspertutval foreslo å flytta fordelinga av skatte- og avgiftskroner frå kommune til staten. Dette kan føra til at fleire kommunar mistar hundrevis av millionar kroner i inntekter. Samstundes syner nye studier at ei oppgradering av dagens vasskraftanlegg kan gje ei stor auke i produksjonsmengda, som vil møta eit aukande energibehov i framtida.

Utstillingen Regulert vises på Fotografiens Hus 6. februar–1. mars.

Om fotografen
Torstein Lund Eik (f. 1990) er kunstfotograf frå Kvinnherad kommune. Under utdanninga ved Norsk Fotofagskole i Trondheim byrja han å skildra samspelet mellom menneske og natur. Han fokuserer på meir abstrakte, måleriske fotografi i prosjekta sine og ønskjer å utforska korleis droner, ein relativt ny teknologi, kan utnyttast som eit fotografisk verktøy. Torstein var ein av vinnarane i Fotografi sin portfoliopris i 2018 og 2019 med prosjekta “Norway in a Nutshell” og “Om 100 år er allting gløymt”. Han fekk òg Kvinnherad kommune sitt kulturstipend i 2018 og hadde i 2019 utstilling ved Galleri G. Guddal.

 -
 -
 -

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu